Det unge bluesrock-bandet SILO har røter i Bremanger. Deira første EP, som vart gjeven ut i 2016 fekk svært god omtale, mellom anna i bladet Bluesnews. I 2016 vann SILO Norsk Bluesunion sin unionscup på Notodden og vart Unionsbandet 2017. SILO har sidan den gong spelt eit høgt tal konsertar over land og strand i heile Noreg, på Svalbard og i USA. Bandet består av dei tre bremangergutane vokalist Halvor (21), gitarist Iver (19) og trommeslagar Oliver (21), samt bassist Bartek (20) frå Førde. Med ungdommeleg glød og energi gjev SILO stemningsfulle konsertar med eigen musikk, fengande rytmar, heftige gitarriff og showfaktor!