Oselie gjekk heilt til topps i MGPjr-finalen 2017 med låta «Verda vår». Ein song med ein sterk tekst om menneske på flukt, og om at vi menneske må stille opp for kvarandre.

Oselie kjem frå Eid kommune i Sogn og Fjordane. Oselie har drive med musikk, både song og pianospel, sidan ho var lita. Å stå på scena og underhalde andre, er det kjekkaste Oselie veit. Oselie er også ei idrettsjente, som driv aktivt med skiskyting og fotball. Oselie har siste året reist landet rundt på turné med eige show. Oselie har vore innom mange ulike festivalar rundt om i landet, og var også ein av artistane i Allsang på Grensen tidlegare i sommar. Oselie er i tillegg ein av MGPjr artistane som reiser rundt med MGPjr juleturné.

19. oktober slapp Oselie ny låt med tittelen «Hald mi hand». Oselie skreiv låten siste tida på ungdomsskulen, då ein ny epoke i livet nærma seg, at gode vennar ville skiljast på ulike stader og ulike skular. Songen handlar om å ha gode vener, og alt det gode som eit venskap kan gje. Songen er ein hyllest til gode venner.

Siste året har vore eit eventyr for Oselie, og ho er etter kvart blitt ein erfaren ung artist, som gler seg til nye musikalske opplevingar framover. Oselie kan følgjast på ulike sosiale mediar som facebook (OSELIE), instagram ( Oselie_music) og tiktok (Oseliemusic).