Vi er eit kickass rockeband frå rockebygda Nordfjordeid beståande av 5 kjekke karar i alderen 16-20 år. Vi er spelesugne, og garanterar eit høgenergisk sceneshow på konsertane våre!

Jackbow begynte året med å sleppe si tredje låt These Days som dei spelte inn på Ocean Sound Recordings. Veka etter fikk dei prisen Årets Nykommar 2018 i Sogn og Fjordane under Blestfestivalen og spelte på Luttprisutdelinga til NRK på Larris Scene.

Jackbow kom ut med Somebody og Empty i fjor sommar og låtane blei godt tatt imot av publikum. Neste slepp for Jackbow blir låta Animal i vår, som dei spelte inn i Amper Tone Studios i Oslo.