– Vi spurte folk kva dei ønskte seg av band til neste års strandfestival, og Rotlaus var eit av dei banda flest svarte, fortel Kent Rune Bugjerde i styret Strandfestivalen på Refvik.

Han er godt fornøgd med å kunne sleppe det kjende livebandet Rotlaus som det første namnet på neste års lineup til den fjerde Strandfestivalen.

– Rotlaus har blitt eit veldig godt likt band i heile landet, og dei speler meir og meir. Dei har bygd seg opp til å bli eit ettertrakta liveband som har ei eiga evne til å få med seg publikum og dei leverer alltid frå scena. Så vi sikra oss dei tidleg før det blir endå vanskelegare å få tak i dei, smiler Bugjerde.

Rotlaus blir omtalt som eit band som er som ein stor familie å rekne, som har fokus på å knytte band med publikum, og gi alt på scena. Dette har vokalist Bjørn Marius Øyehaug å seie om kontakten med publikum.

– Vi har det alltid kjekt saman som band. Og har ein det ikkje kjekt sjølve, kan ein ikkje vente at publikum har det heller.

Strandfestivalen er klare med heile lineupen for neste års festival som går av stabelen 3. og 4. juli, og dei neste vekene vil dei avsløre kva artistar dei har vore så heldige og få med til neste års strandfest.

– Vi hadde lyst å gjere det litt spennande, så vi har starta ein konkurranse i sosiale medium på å gjette artistane der vi sjølvsagt kjem med hint gjennom veka. Og så blir artistane avslørt ein etter ein i Fjordenes Tidende i fredagsavisene framover.

Og Rotlaus var altså første band ut.

Meiner dei har solid lineup

Men Bugjerde er strålande fornøgd med resten av artistrekkja også, og gler seg til å avsløre dei.

– Vi har ein fantastisk god lineup. Strandfestivalen skal treffe alle aldersgrupper, og alle smakar. Neste år har vi ei god blanding av band. Eg kan røpe så masse som at fem av dei åtte banda er det eg vil kalle «kjende band», seier Bugjerde, som fortel at styret ønskjer å inkludere folk ved å sleppe banda på denne måten.

– No får vi med oss folk og får informert godt om artistane. Og så har ein ei veke å leite dei opp på YouTube og Spotify og høyre på dei på, før ein får vite neste artist, ler han.

Han trur festivalen har begynt å få ein posisjon lokalt.

– Ja, vi har heldigvis det. Og det er litt artig at «earlybird»-billettane våre allereie er utselde før vi har gått ut med artistane, seier Bugjerde, som ser det som eit teikn på at folk bør tenke på å vere tidleg ute med å skaffe seg billettar.

– Eg trur det kjem til å bli utseld tidleg i år. Så om du veit at du har lyst til å gå, kan det vere lurt å nytte seg av dei gode prisane som er no.

Har nesten dobla artistbudsjettet

Utan å seie dei eksakte summane kan Strandfestivalen røpe at dei for 2020 nesten har dobla artistbudsjettet sitt.