Reaching Summit spelar stor rock med melodiske poprefreng. Lyden og stemninga er full av energi, noko du vil oppleve frå første tone. Dei har tidleg fått tillitt av profilerte Yngve Andersen gjennom Loyal Blood Records. I sommer gav dei ut singelen My Policy, som du blant anna finn på Norsk Rock spelelista til Spotify.  Vokalist Kristoffer Restad Kvalheim er spent på å ta gruppa tilbake til heimtraktene og dei gler seg til å fyre opp stemninga i sommer!