Vilde og Anna er ein norsk sangduo fra Nordfjordeid. Duoen syng og skriv sine eigne pop-låtar. Jentene er kjent for melodiøse og fengande sangar med enkle og tydelige tekstar på norsk. Jentene slo gjennom då dei vann MGP Jr i 2016 med sangen «Vestlandet». Sidan då har dei reist rundt i heile Norge og opptredd på mange store konsertar og festivalar, og også deltatt i fleire underholdningsprogram på riksdekkande TV.

 

Ny musikk, høge strømmetall

Duoen kjem med 3 nye knallbra låtar vinteren 2019, som vi l engasjere publikum og få merksemd i radio og sosiale media. Frå før har dei sangane Vintertid, Gje blaffen, Hjerte av gull, Sola skin og Vestlandet som alle har blitt hyppig spelt på radioen og har  særs gode strømmetall på Spotify og andre strømmetenestenester. Sangen Vestlandet kjem i 2019 til å passere 5 mill streams på Spotify, og sangen har fått en heilt spesiell posisjon for barn og voksne, både på Vestlandet og ellers i landet.

Oselie gjekk heilt til topps i MGPjr-finalen 2017 med låta «Verda vår». Ein song med ein sterk tekst om menneske på flukt, og om at vi menneske må stille opp for kvarandre.

Oselie kjem frå Eid kommune i Sogn og Fjordane. Oselie har drive med musikk, både song og pianospel, sidan ho var lita. Å stå på scena og underhalde andre, er det kjekkaste Oselie veit. Oselie er også ei idrettsjente, som driv aktivt med skiskyting og fotball. Oselie har siste året reist landet rundt på turné med eige show. Oselie har vore innom mange ulike festivalar rundt om i landet, og var også ein av artistane i Allsang på Grensen tidlegare i sommar. Oselie er i tillegg ein av MGPjr artistane som reiser rundt med MGPjr juleturné.

19. oktober slapp Oselie ny låt med tittelen «Hald mi hand». Oselie skreiv låten siste tida på ungdomsskulen, då ein ny epoke i livet nærma seg, at gode vennar ville skiljast på ulike stader og ulike skular. Songen handlar om å ha gode vener, og alt det gode som eit venskap kan gje. Songen er ein hyllest til gode venner.

Siste året har vore eit eventyr for Oselie, og ho er etter kvart blitt ein erfaren ung artist, som gler seg til nye musikalske opplevingar framover. Oselie kan følgjast på ulike sosiale mediar som facebook (OSELIE), instagram ( Oselie_music) og tiktok (Oseliemusic).